Skei Hotel AS - Best Western Skei Hotel
Bes Western Skei Hotel ligg i naturskjøne omgjevnader ved nordsida av Jølstravatnet - midt mellom Sognefjorden og Nordfjorden. Hotellet ligg såleis svært vakkert og sentralt til i Fjord-Norge, halvvegs mellom Bergen og Ålesund, og med kort veg til nokre av dei mest spetakulære og kjende turistattraksjonane i landsdelen.
Heilt sidan starten i 1889 har personleg atmosfære, komfort, kvalitet og trivsel vore varemerke ved hotellet.
Best Western Skei Hotel vart grunnlagt for meir enn 118 år sidan som overnattingsstad for både norske og utanlandske vegfarande og etterkvart også som feriehotell for m.a. engelske sportsfiskarar i Jølstravatnet.
Hotellet har gjennom alle desse åra gjennomgått ei rivande utvikling med ei rekke utvidingar, ombyggingar og moderniseringar og framstår i dag som ei moderne, komfortabel og velrenommert hotellbedrift, som også tilbyr eit breitt og variert spekter av aktivitetar både ute og inne.
Best Western Skei Hotel er eitt av dei leiande kurs-/konferansehotella i Sogn og Fjordane fylke og har ialt 16 kurs- og møtelokale av ulik storleik. Kjerna i konferanseavdelinga er ”Jølstersalen” med plass for inntil 400 deltakarar. ”Jølstersalen” kan delast inn i 3 om lag like store møtesalar;- ”Dvergsdal”, ”Helgheim” og ”Viken”, som kvar tek om lag 150 personar i kinosal og ca. 100 personar i klasseromsoppsett. Salen kan også delast i to delar, der den største tek inntil 300 personar i kinosal og 200 personar i klasserom.
Samtlege møterom er utrusta med standard teknisk utstyr og har både kablebasert og trådlaus internett-tilgang. Alle møteromma kan ellers utstyrast etter ønskje og behov. Hotellet har sjølv rikeleg med med moderne, godt og tidsmessig møteromsutstyr. Eige lyd- og lysanlegg i Jølstersalen.
Hotellet har eigen kursvert som syter for at alt fungerer som det skal under kurset eller møtet, og vi har eit eige kurskontor som er tilgjengeleg for kursleiar. Høg kvalitet og eit breitt aktivitetsspekter saman med sentral plassering i landsdelen gjer hotellet svært godt eigna for avvikling av møter, kurs og konferansar. Vi tek også på oss å ordne transportoppdrag for heile konferansegrupper.

Fasiliteter
| Bar | Handikapprom | Restaurant |
| Business center | Ikke-røker rom | Svømmebasseng |
| Café | Møterom | |
| Fiskemuligheter | Parkering |
Kapasitet
| Sengeplasser | 250 stk. |
| Møte- og konferanserom | 16 stk |
| Største konferanserom | 400 personer |
| Rom | 129 stk |